Meirenntusenord-løda

Oversikt

På Nærøya ved Fosnavåg i ein gamal, restaurert låve, ligg galleriet til Meirenntusenord. Utvendig er låven ny, men på innsida er den som den alltid har vore.

Det gamle og slitte treverket med malingsflekker og rustne spikerar er bakteppet for ei rekke landskapsbilete, i all hovudsak frå Herøy. Dei klåre og sterke fargane på bileta i samspel med det rustikke, gjer dette galleriet til ei unik oppleving.

Retromøblane og den gode lyssettinga, gjer det heimekoseleg, og atmosfæren er varm og lun.

Låven er óg veleigna for matservering, presentasjonar eller intimkonsertar. Det er ein flott stad for å ha styresamling, eller eit lunsjstopp mellom aktivitetar.

Me rådar til eit stopp her i løpet av dykkar Fosnavåg-opphald!